PDF Print E-mail

17. mai

Dei vaksne som er med marsjerer rett bak korpset - og barna rekk opp ei hand om dei treng hjelp. Barna blir kryssa ut på lister etter kvart som dei blir henta.

Oppmøte i kultursalen kl. 08.30 - i full uniform, inkl. veske, noteklype, notehefte og svarte sko.
Ta med ein nistepakke og ei drikkeflaske i veska.
Instrumentet bør pakkast ut heime, sidan vi ikkje skal tilbake til Kultursalen.
Ansvarlege vaksne har med seg førstehjelpsutstyr, vatn og litt kjeks.
Program for dagen:
- Kl. 08.00 Flaggheising med fanfare (to trompetister)
- Kl. 09.00 Program i skolegården. Korpset står ferdig oppstilt.
- Kl. 09.20 Oppstilling av toget; Korpset i front, fulgt av flaggborg og elevar
- Kl. 09.30 Avmarsj til buss ved Disen haldeplass
- Grefsen skole går som nr. 57 i toget.
- Berekna avmarsj Prinsessens plass er ca kl. 11.00
- Berekna ankomst Rosenkrantzgate, samlingssted 1 c kl. 12.00

Borgartoget
- Oppmøte ved Grombua (Grefsenkollveien/Frenningsvei) kl. 14.45
- Toget går kl. 15.00
- Stoppar ved Disen skole, spelar 3 marsjar, og marsjerer vidare til Grefsen skole.
- Framme på skolen ca 15.50, spelar eit par marsjar - og er klare for å delta på festen.

 Se også Sikkerhetstiltak 17.mai

Last Updated on Thursday, 18 May 2017 18:22